lørdag 8. desember 2007

Desember.

Julemånaden er her med regn, blåst og henting av kristtorn til svigermor. Etter nokre fantastiske dagar i Praha, der vi var siste veka i november og berika oss på korleis ein skule der nytta Smart-board, er det godt å komma heim til vestlandsk fjordaver! Ulikt handelstanden i våre byar, venta tjekkarane til 1.desember med å bygga opp handelshyttene sine på klokketårnplassen i Praha! Det står respekt av slikt! Kledde meg i ull inst og frakk ytst, og i vinden langs elva og over Karlsbrua, var det eit lurt sjakktrekk. Og det har dei greie på, for tjekkarane lagar og sjakkspel(mindre kjent enn krystall i alle former), difor tok eg eit med meg heim til Håvard, som no skal læra opp Synnøve for å skaffa seg lokal motstandar.
Vaska bilen igår. Verka som det var to år sidan sist! Men idag var han her igjen: limousinkjensla! Glitrande blank og svart, nett høveleg til å kjøra Liv Sigrun til Førde, som første etappe på tur til London. Kjekt å reise!! Ikkje mange dagane no, før vi ruslar på Strøget, for å nyta Køben i førjulsprakt, berre oss to! Takk til Astrid for gevinsten, forresten!

Ingen kommentarer: