tirsdag 3. april 2007

Og så var påska her...

Flott ver er kjekt å få! Våren er undervurdert, spør du meg! Varmare og lysare for kvar dag, symfonisk fuglesong, knoppane sprett og naturen blømer!
Men då er det tid for stell og vedlikehald av hage og småbruk, båtar, utemøblar og hus. Heile ledige dagar (les: påskeferie) er uvurderlege for å få arbeidd med slikt!

Mekanisk redskap har letta livet for menneske på små gardsbruk. Difor er Husquarna, Stihl og Massey Ferguson kjente og kjære hjelparar her i Grønnevik! Feire hengarlass med greiner, lyng og gyvel er alt plassert i kaldkomposten.

Konfirmasjonsdressen vart forresten innkjøpt igår: Utruleg å sjå guten koma ut av prøverommet stivpynta og vaksen! Søndag var aprilsnarrdagen, så ingen vil vel tru at alle fire fekk dukka seg i sjøen, på så låg fjære at seglbåten stod nedpå inne i naustet!


Letta sjel: Både litteratur- og kulturinnleveringa i spansk(Marti og Barca) er inne som førsteutkast til rett tid og rimeleg langt komne begge!