tirsdag 20. desember 2011

Juleferie 2011.

Endeleg ferie! Vinterveret kjem og går, men regnet kan du alltid stola på. Eit julepynta hus gjer ein glad, og etter noko handel imorgon ser eg fram til det årlege julebadet i fjorden litle julaften. Ilag med gode (og tøffe) vener, blir det ein dukkert i Ålfjorden, og etterpå høver det med varm gløgg og peparkaker. Vervarslinga melder omlag same tempen i lufta som i vatn, men adrenalinet vil nok flaume likevel!

mandag 31. august 2009

Sommar i regn.

Dei fleste er nok samde med meg om at sommaren,- ja den var i slutten av juni.
Og så kom hausten! Med regn og blåst, og lite varme i sjøen for ivrige badarar!

Men besøket av vener fra andre land i Europa gjekk glimrande,- med fisking, bading, vikingbesøk og songstjernetevling. Gode måltid, interessante samtaler på engelsk, og bybesøk i Stavanger og Bergen. Kjekke folk vi kjenner!

Seinare vart det rikeleg førebuing til 50-årskalas på naustet, og arrangørane fekk eit levande innblikk i catering- og hotelldrift. Gleden var stor over at det ikkje vart karrierevegen vår! Men for ein glitrande fest: gjestene strålte og var blide, koste seg med sigarar frå Havana og flytande frå ulike land, inntok heimelaga matrettar som pirra og metta, og fekk oppleve mykje kulturelt: song skrive og framført av mine kjekke ungdommar, songar frå gode venner, presentasjon av jubilanten i mange fasettar, og dansemusikk frå førre århundre! Ei fantastisk og rørande oppleving!

Men veden ligg der! Rett nok er eindel av han kløyvd og ferdig, men mykje ligg att som ei kvise på samvitet. I regnet her vest skulle alle hatt sin eigen Rubbhall!

Valet er over oss med barometre og testar, og diskusjonar på radio og fjernsyn som folk flest ikkje bryr seg med. Dei store endringane vil nok glimre med sitt fråvere, uansett kven som sit med makta! Godt val!

søndag 12. april 2009

Påskeferie!

Lenge sidan sist! Familien ved fjorden har vore i skogen og arbeidd denne ferien, og i tillegg vore særs sosiale med slekt og vener! Husqvarna-en har gått seg varm og sterke hender har bore vekk greiner. Belønninga er meir sol og utsikt! Klatreveggen på Sveio har utfordra Odd Eirik, Håvard og meg- og barrierer er brotne! Når ikkje Roma eller London trekk oss til seg, er påsken ei flott tid å vere heime og kombinera sosialt liv med hage/skogstell!

søndag 17. august 2008

Laurits!

Denne gongen er det Laurits som skal minnast!

Me var heldige og fekk helst på han i Oslo, då me var med Håvard til Norway cup.
Budde fantastisk fint på Ekeberg, koste oss i varmen, handla, bada og heia på Sveio-gutane. På Ulvøya låg godguten under paraplyen og koste seg i sommarkvelden, etter ein aktiv dag med mykje triveleg tøys saman med dadda. Neste dag var strandpledd bytta med seng på Ullevål, og smilet var fråverande då doddo kom for å helse på. Laurits hadde vondt, og han kjempa med alt han hadde i vekene etterpå. Men trass tapre foreldre, god hjelp på Rikshospitalet, bøner og gode tankar frå slekt og vener, døydde vesleguten.

Takk for at me fekk bli kjent med deg! Når me seglar den vesle raude seglbåten, er du med oss i tankane!
Dadda, doddo, bestetante og besteonkel lyser fred over Laurits sitt minne!

mandag 14. juli 2008

Sommar.

Det dei har rundt Middelhavet,- DET er sommar! Stå opp til duren av kaldluftapparatet, eta frukost frå bakaren tre minutt vekke på ein solfylt terrasse mens ein ser på dei kroatiske seglbåtane. Smøre seg inn med faktor før ein går ut i 34 grader. Helst ein vassfast som tåler 26 grader i reint havsalta vatn. Nyte å vere borte frå plikter og prosjekt. - Men ferien er ikkje over!

fredag 22. februar 2008

"Vinter" ... liksom?

Tida går! Og vinteren er her,- på ein måte. Barndomens vintrar er ikkje til å kjenne att. Hugsar at me vart glade for snø, så noko sjelden var han nok, då og. Men så mykje regn huskar eg mest frå haustane, ...og somrane forresten!
Men i helga var veret fint på austlandet, slik at ungane fekk gå på skøyter! -i Spikersuppa! Og Laurits kjente oss betre for kvar dag som gjekk! Slike små har sin eigen livsrytme, og vi er heldige som får vera med i denne rytmen stundom! Men maisgraut er nok betre, trur vi!?
Flott bur dei og, tantungane! Sjølv om kvite veggar er uvante for oss med afrikafargar. Sentralt og triveleg, og kjekt å vise fram! Nett no er vi sjølv i oppussinga med maling, lakking og straks tapetsering. Det er minstejenta som er blitt lova "nytt" rom,- i varme franske gultonar. Det blir ho glad av!

Bloggar bør skrivas kvar dag, og ikkje kvar månad slik som denne! Men så er det og alle dei andre "bør-"ane: tran, trening, boklesing, turgåing, spansklesing, gå på besøk til ein venn, puss på båten, ete sunt.. Livet mitt har og sin eigen rytme, og eg heng ikkje alltid med i den rytmen. Heldig du Laurits! Som ikkje eig nokre "bør"! For slike blir fort ei bør å bera. Men bunaden er i rute!! Og eg blir glad av å ha ferie, drikka god Masi og skriva blogg! God vinter vidare!
-Bør nok skrive att fort!

lørdag 15. desember 2007

Julakort!

Her var løysinga! Istaden for enkle julakort med banal tekst, eller tettskrive årsrapportar: Her er julakortet mitt! Nokre sms-ar og facebook-meldingar unnateke, sjølvsagt! Kjekt å få nytta teknologien, i alle fall til dei som føl med på utviklinga. Berre tre arbeidsdagar til før ferien startar med det tradisjonelle julebadet i Ålfjorden. Ifjor var vi femten vinterbadarar som trossa skrekk og gru, og kasta oss i vatnet(som då var 8 grader). Det skal bli godt iår og: å kasta av seg stress og bekymringar i sjøen, for så å bygga seg opp att på gløgg og peparkaker oppe i huset. Vi drar til Skjold julaften, men blir i Grønnevik romjula - bortsett fra vareteljing 30.12 på Kiwi i Sveio!!
Eg vil ynskja alle mine lesarar(om det er nokon, -eller om bloggen berre er eit utløp for personlege behov)ei god jul og eit riktig godt nytt år!