lørdag 15. desember 2007

Julakort!

Her var løysinga! Istaden for enkle julakort med banal tekst, eller tettskrive årsrapportar: Her er julakortet mitt! Nokre sms-ar og facebook-meldingar unnateke, sjølvsagt! Kjekt å få nytta teknologien, i alle fall til dei som føl med på utviklinga. Berre tre arbeidsdagar til før ferien startar med det tradisjonelle julebadet i Ålfjorden. Ifjor var vi femten vinterbadarar som trossa skrekk og gru, og kasta oss i vatnet(som då var 8 grader). Det skal bli godt iår og: å kasta av seg stress og bekymringar i sjøen, for så å bygga seg opp att på gløgg og peparkaker oppe i huset. Vi drar til Skjold julaften, men blir i Grønnevik romjula - bortsett fra vareteljing 30.12 på Kiwi i Sveio!!
Eg vil ynskja alle mine lesarar(om det er nokon, -eller om bloggen berre er eit utløp for personlege behov)ei god jul og eit riktig godt nytt år!

lørdag 8. desember 2007

Desember.

Julemånaden er her med regn, blåst og henting av kristtorn til svigermor. Etter nokre fantastiske dagar i Praha, der vi var siste veka i november og berika oss på korleis ein skule der nytta Smart-board, er det godt å komma heim til vestlandsk fjordaver! Ulikt handelstanden i våre byar, venta tjekkarane til 1.desember med å bygga opp handelshyttene sine på klokketårnplassen i Praha! Det står respekt av slikt! Kledde meg i ull inst og frakk ytst, og i vinden langs elva og over Karlsbrua, var det eit lurt sjakktrekk. Og det har dei greie på, for tjekkarane lagar og sjakkspel(mindre kjent enn krystall i alle former), difor tok eg eit med meg heim til Håvard, som no skal læra opp Synnøve for å skaffa seg lokal motstandar.
Vaska bilen igår. Verka som det var to år sidan sist! Men idag var han her igjen: limousinkjensla! Glitrande blank og svart, nett høveleg til å kjøra Liv Sigrun til Førde, som første etappe på tur til London. Kjekt å reise!! Ikkje mange dagane no, før vi ruslar på Strøget, for å nyta Køben i førjulsprakt, berre oss to! Takk til Astrid for gevinsten, forresten!

søndag 7. oktober 2007

Haustferie!! Fortent og etterlengta!

Etter lange dagar og vel mykje regn, har vi fått seglbåten i naustet og terhien på hengar. Slepp å tenka på ausing av båt, medan turen atter går over fjorden til største samlinga med tjuegods i verda (british museum/tower). Men denne gongen er det markeda i Camden og Notting Hill som freistar, og elles shopping over ein lav sko - eller nokre par nye sko- dersom det høver! Meldt 18-20 grader, og det er heilt fint for tubing, vandring gatelangs, cider på puben og Mama mia!

søndag 16. september 2007

London er alltid bra!

Vel tilbake etter kollegietur til London, med 20 grader og sol! Camden town var betre enn eg huska med mykje av alt. Covent Garden er ei turistfelle som lever opp til ryktet på alle måtar! Triveleg i gatene ikring, og skogata openberte seg med nye Dr.Martens til meg! Mykje folk i Oxford S., som vanleg, og tettpakka på Liliwhites, men betre på Niketown- til høgare prisar! Cider av alle slag vart inntatt under besøket, men Medievel banquet var ein pinleg oppleving. Og Royal National Hotel er nok verdas største ungdomsherberge... Kjekt å komme heim med byblomar frå storbyen vår!
Elles er vi stolte og rørte over vesle Laurits som er kommen til verda, og verkar sterk og klar til å ta fatt på livsvegen! Gratulerer masse til foreldre og ulike bester, tanter og onklar!

lørdag 4. august 2007

"Sommar" - liksom??

Verste sommaren! Kjem høgt opp på lista, i alle fall! Savnar varme, sol og kjekke badetemperaturar i sjøen! Spansken gjekk tilslutt særs bra til meg å vera. Men etterverknadane av intens sjølvsentrert jobbing gav få innspel om sommarlignande tilstander for familien. Lite av naust-livet vi vil ha! M og OE har vore mykje på gamlahuset, og det er kjekt at det er i bruk. Elles har det vore utstrakt byggeverksemd på det nye naustet. Skal bli greit å få det ferdig, slik at normalen kan komma att!

lørdag 2. juni 2007

June, at last!

Så var ein trivelig, kjekk, koseleg og vel gjennomført konfirmasjon over. Glad og nøgd konfirmant, blide og ikkje utslitte foreldre. Kan ting bli betre? Ungdomsbordet verka til å vere ein kjekk plass. godt at dei unge får treft kvarandre! To innleveringar i spansk på plass og berre munnleg att: blir nok betre på tirsdag, men ikveld gjekk det meste i badl... Kjekt å vera ute i ein flott hage, og av og til ta pause med kaffi og triveleg selskap. Og snart er det sommar...

tirsdag 3. april 2007

Og så var påska her...

Flott ver er kjekt å få! Våren er undervurdert, spør du meg! Varmare og lysare for kvar dag, symfonisk fuglesong, knoppane sprett og naturen blømer!
Men då er det tid for stell og vedlikehald av hage og småbruk, båtar, utemøblar og hus. Heile ledige dagar (les: påskeferie) er uvurderlege for å få arbeidd med slikt!

Mekanisk redskap har letta livet for menneske på små gardsbruk. Difor er Husquarna, Stihl og Massey Ferguson kjente og kjære hjelparar her i Grønnevik! Feire hengarlass med greiner, lyng og gyvel er alt plassert i kaldkomposten.

Konfirmasjonsdressen vart forresten innkjøpt igår: Utruleg å sjå guten koma ut av prøverommet stivpynta og vaksen! Søndag var aprilsnarrdagen, så ingen vil vel tru at alle fire fekk dukka seg i sjøen, på så låg fjære at seglbåten stod nedpå inne i naustet!


Letta sjel: Både litteratur- og kulturinnleveringa i spansk(Marti og Barca) er inne som førsteutkast til rett tid og rimeleg langt komne begge!

mandag 26. februar 2007

Post-vinterferie-kveld.

Ferie som begrep er oppskrytt! Veka blir fylt med nyttige gjeremål som ikkje har noko med ferie å gjere. Bur ein slik og har konfirmasjon til våren, er det mykje vettugt å driva med! Men ferie...?
Likevel er det godt å vakne litt seinare, ha tid til kaffi og lengre frukost. Tid til familie, tid til at familien får klede dei treng, tid til å vere i byen lenge nok til at lista blir tom, tid til å sage ned rotvelter.
Og til studiearbeid!
Følsomme vers av Jose Marti blir neste prosjekt!

onsdag 7. februar 2007

Vintaren kom att!

No ligg tempen på omlag seks kalde nattestider, og nett oppi nullen på dagtid. Nok snø til at landskapet lyser opp og at vegen vert islagt. Sjøen var kald søndag då me bada, 6 grader er kaldast denne vinteren. Men brøyting har eg sluppe denne snø-økta. Me båt i garasjen må bilen måkast og rensast kvar morgon, men med kjekke raske ungar kjem vi oss ut likevel. Konfirmantfesten på Bømlo gjekk stort sett for seg i høvelege former. 280 ungdommar har mykje for seg i løpet av eit halvt døgn, men for oss gamle er det ei trøyst at de unge først vart trøytte! Mange kjekke, trivelege, vanlege ungdommar samla på Langevågtunet!

mandag 29. januar 2007

Blå mandag!

Der gjekk snøen,heldigvis! Flott så lenge han låg. Ungane koste seg og var mykje i han og glidande oppå han på ski eller racer. Brøytinga som ein draum med nytt batteri og gammal erfaring! Utruleg flink laurdagskvelden når ungane hadde overnattingsbesøk og eg leste spansk!! Kom likevel berre eit stykke i veg og har mykje att: ambisiøse lærarar på høgskulen(Magalis) - er akkurat det!
Kjekt med gladnyhende frå Austlandet!! Kos dokke masse!!
Dagane er lysare no, og turane kan strekkast før mørket kjem sigande. Tru om dei over fjorden ser lysa våre? Kva tenkjer dei då? Noko veit vi, men... Ser lysa hos dei og gler oss over at hyttefeltet stundom huser menneske.
Blå t-skjorte med che på passar på ein mandag. Minne frå Piñar del Rio sin sigarfabrikk. Blå himmel skin opp imellom skyene..

lørdag 20. januar 2007

Ein gard utan traktor.....

Der var masseyen tilbake! Kjørte han heim idag, etter at Jan Kåre hadde forbarma seg over han eit halvt års tid. Avventar ein blodig rekning, men, men! Sikra oss regnskuren idag og,- når eg skulle bere inn tørr ved, som har lagt i eldhuset i snart to år!! Lova sol i morgen så resten av tulipanane kjem kanskje i jorda.

fredag 19. januar 2007

Endeleg fredag!

Oppskrytt, men likevel fredag! Dei andre ute på litteraturgruppe og bursdagsfeiring. Sjølv les eg Emma Zunz på spansk - vrient med alle metaforane til Borges! Finn ein engelsk maskinoversett tekst som klargjer noko. Kappkjører Carbon med Synnøve og tapar glatt! Skulle ha gjort så mykje....Vekedagane går til alt anna... - og helgene virkar på ein måte kortare ... Bilen var glassert i dag tidleg, håpar masseyen blir ferdig til imorgon, slik at vi kan få skrapt vegen og kjørt inn meir ved. Den kapitulerte i sommar under gruskjøring, når lastebilen kjørte i søre veita rett innfor porten.

søndag 14. januar 2007

Blåsbortsøndag i januar!

Inatt blåste det slik at vi vakna av knirking i veggane og regn på rutene.Men det gav seg etterkvart og lite var rokka av tre og takstein. Vandra rundt og såg i OPPHALDSVER! Tulipanløkar sett i jorda og eit kjølig kort bad i sjøen gjer meining til ein "vinter"-dag. Fint å få ta seg inn når vekedagane blir korte og hektiske!

torsdag 11. januar 2007

Første gong som bloggar... Rart! Men kjekt å prøve! Mørk vinter, ps2 carbon bak meg og nett komen heim frå spansk litteratur(José Marti) Snøen kunne gjerne lagt om bakken var frosen.... Men no kan han berre forsvinne! Kanskje traktoren snart er ferdig? Då kan eg få brøyta..